Sommaropera ved fjorden - Ålhus
Ei sommarkveld. Eit glas i handa. Levande musikk heilt tett på. Og ei stemme som fyller rommet med latter, lengt og store kjensler.
Sommaren 2026 kjem OperaKysten igjen på turné – og tek med seg noko av det vakraste operaverda har å by på til små stader langs kysten vår. Med sopran Nora Oleanne Sårheim i spissen inviterer vi til varme, nære og overraskande operaopplevingar på nynorsk – laga for både erfarne operavener og deg som aldri har sett foten i eit operahus.
Gløym tanken om stive salar og fjerne scenekantar. Dette er opera slik du sjeldan opplever han: tett på, levande og personleg. Kjende melodiar, sterke historier og musikk som treff rett i hjartet – framført med humor, varme og nærleik. Alt på nynorsk.
På nokre stopp blir det OperaPub med servering og låg skulder-faktor, andre stader sommarkonsert eller afternoon tea. Felles for alle kveldane er ei kjensle av å vere med på noko heilt spesielt: profesjonell opera av høg kvalitet – midt i ditt eige lokalsamfunn.
I ti år har OperaKysten reist dit dei store kulturinstitusjonane sjeldan kjem. Fordi store kunstopplevingar ikkje berre høyrer heime i storbyane.
Ta med ein ven, ein nabo eller nokon som «ikkje likar opera». Det er ofte dei som går heim mest begeistra.
På Eikaasgalleriet vert det sal av kaffi og kaker til arrangementet!