Opera ved Havet på Svanøy Hovedgård
Vakre seinsumarkveldar i august er til for å nytast! Kva med ein operakveld på Svanøy Hovedgård? Klassiske operasvisker og litt meir ukjende perler frå operaverda vert framførde av sopran Nora Oleanne Sårheim og pianist Olga Jørgensen. Her er det berre å troppe opp, sette seg ned, lene seg tilbake og berre senke skuldrane! Og du - ynskjer du noko på ein tallerken og i eit glas attåt, så tek du kontakt med Eva på Hovedgården! Mob.: 906 48 962, epost: eva@svanoy.no. Se Skyss for båtruter.
Med konsertlokale med saltsprut oppetter veggane og eit program som luktar av både tang og tare, legg OperaKysten ut på nok ein miniturné med sine dyktige artistar.
Vår eiga sopran og kunstnarleg leiar Nora Oleanne Sårheim tek med seg pianist Olga Jørgensen på dette eventyret og saman vil dei framføre både velkjende operasvisker og nokre meir ukjende skattar i frå operaverda sitt havrepertoar!
Ein skal faktisk ikkje sjå vekk ifrå at der til og med vert ei aldri så lita urframføring av nyskriven musikk innimellom “Rusalka”, “Peter Grimes” og “Til Havs”!
All musikken framførast - tradisjonen tru - i nye, nynorske versjonar!
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billetter vert ikkje refundert