page view image

Høgromantisk Haustopera - Batalden

Haustfargane har endeleg sett seg, og rundt oss lyser det opp i gule, raude og orange tonar. Lydane dempast når den svale haustlufta fyller gater og natur, akkurat nok stille til å kjenne på at det hadde vore godt å fylle den med noko!
Nora Oleanne Sårheim, Stian Økland og Olga Jørgensen presenterer ein storslått konsert i eit enkelt format, som vil løfte ein heilt vanleg septemberkveld til heilt nye høgder!

Information
event image

Haustfargane har endeleg sett seg, og rundt oss lyser det opp i gule, raude og orange tonar.  Lydane dempast når den svale haustlufta fyller gater og natur, akkurat nok stille til å kjenne på at det hadde vore godt å fylle den med noko!  


Dei siste åra har OperaKysten kunne ønske sitt publikum velkommen til konsertar utanfor heimbasen sin i Florø på seinsommaren.  Med mål om å tilby opera til nye publikummarar der dei er, kjem OperaKysten med årets sommarturné til fem ulike spelestadar.  Med sine nyskrivne, nynorske gjendiktingar har Florøsopranen Nora Oleanne Sårheim denne gongen med seg Stian Økland frå Bergen.  OperaKystenpublikummet vil kanskje kjenne han att frå La Boheme-forestillinga i 2024, der han gjorde sterkt inntrykk i tolkinga av diktaren Rodolfo, og Operahistoria passerer i revy i 2018.  I år, som i fjor, er det den dyktige pianisten Olga Jørgensen som er med på turnéen, og vi kan gle oss til å høyre ho i følge songarane rundt i fylket med utdrag frå Elskovsdrikken, Tosca, Faust og Carmen for å nemne nokre!  Publikum vil nok merke seg kor tydeleg det er at dette er tre artistar som har skapt mykje musikk og scenemagi saman, der dei utfyller og følger kvarandre med imponerande presisjon.  Med ei god blanding av velkjende og meir ukjende skattar, fyllest øyret med dei vakraste frasar både musikalsk og språkleg.  Dei nynorske gjendiktingane til Sårheim er både poetiske og forståelege og skapar ei heilt ny tilknytting til operasjangeren for publikum.  


Ein storslått konsert i eit enkelt format, som vil løfte ein heilt vanleg septemberkveld til heilt nye høgder!

opera operakysten forestilling haust

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billetter vert ikkje refundert