page view image

Opera ved Havet på Kadaver i Måløy

Vakre seinsumarkveldar i august er til for å nytast! Kva med ein operakveld på Kadaver? Klassiske operasvisker og litt meir ukjende perler frå operaverda vert framførde av sopran Nora Oleanne Sårheim og pianist Olga Jørgensen. Her er det berre å troppe opp, sette seg ned, lene seg tilbake og berre senke skuldrane!

Informasjon
event image

Med konsertlokale med saltsprut oppetter veggane og eit program som luktar av både tang og tare, legg OperaKysten ut på nok ein miniturné med sine dyktige artistar.

Vår eiga sopran og kunstnarleg leiar Nora Oleanne Sårheim tek med seg pianist Olga Jørgensen på dette eventyret og saman vil dei framføre både velkjende operasvisker og nokre meir ukjende skattar i frå operaverda sitt havrepertoar! 

Ein skal faktisk ikkje sjå vekk ifrå at der til og med vert ei aldri så lita urframføring av nyskriven musikk innimellom “Rusalka”, “Peter Grimes” og “Til Havs”! 

All musikken framførast - tradisjonen tru - i nye, nynorske versjonar!

opera operakysten kadaver måløy konsert

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter vert ikkje refundert