page view image

Opera ved Havet på Jølstramuseet

Vakre seinsumarkveldar i august er til for å nytast! Kva med ein operakveld på Jølstramuseet? Klassiske operasvisker og litt meir ukjende perler frå operaverda vert framførde av sopran Nora Oleanne Sårheim og pianist Olga Jørgensen. Her er det berre å troppe opp, sette seg ned, lene seg tilbake og berre senke skuldrane! Og du - ønsker du noko på ein tallerken og i eit glas attåt, så går du via Jølstramuseet sine sider for ein samlepris.

Informasjon
event image

Med konsertlokale med saltsprut oppetter veggane og eit program som luktar av både tang og tare, legg OperaKysten ut på nok ein miniturné med sine dyktige artistar.

Vår eiga sopran og kunstnarleg leiar Nora Oleanne Sårheim tek med seg pianist Olga Jørgensen på dette eventyret og saman vil dei framføre både velkjende operasvisker og nokre meir ukjende skattar i frå operaverda sitt havrepertoar! 

Ein skal faktisk ikkje sjå vekk ifrå at der til og med vert ei aldri så lita urframføring av nyskriven musikk innimellom “Rusalka”, “Peter Grimes” og “Til Havs”! 

All musikken framførast - tradisjonen tru - i nye, nynorske versjonar!


Om du ønskjer å bestille denne opplevinga med mat og drikke til, bestiller du billett på denne linken;

https://jolstramuseet.ticketco.events/no/nb/e/opera_ved_havet_samlebillett_for_opera_mat_og_drikke?fbclid=IwY2xjawEp02NleHRuA2FlbQIxMQABHYrsRTTwxsfyBPFVop0Daru2mGU87qp00icrgjwCpS827iar5goGi_gGtQ_aem_sYiRwDTiy5WtoXDh3OXPww

opera operakysten konsert jølstramuseet

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter vert ikkje refundert